tirsdag 24. mai 2011

"Det jævla kaninholet, Stavanger" - bokmelding av Kaninbyen av Arild Rein

I denne perioden har jeg analysert en bok av Arild Rein, forfatteren av Stavangertrilogien om hverdagen i Stavanger fra flere kanter. 


Denne bokmeldinga handlar om boka ”Kaninbyen” av Arild Rein. Boka er ein roman frå 2004 som er utgitt av Det Norske Samlaget, Oslo.
Generelt
Boka ”Kaninbyen” er skrive av forfattaren Arild Rein, og blei gitt ut i 2004. Boka blei publisert ved ”Det Norske Samlaget”. Forfattaren Arild Rein blei fødd 17. mars 1960 i Stavanger. Boka ”Kaninbyen” er den siste boka i Stavangertriologien om kvardagen i Stavanger.
Rein skriv samfunnskritisk, og skriv på ein så realistisk måte at det kan høyrast litt absurd ut. Han reflekterer over alt, og i denne boka set han spørsmål ved korleis ein mann kan ta feil av ein annan. Kjenneteikn ein kan sjå i Arild Rein si skiving er at han er så realistisk, og skriv om dei negative tinga i samfunnet. Han skriv ofte om det moderne menneske.

Om boka
”Kaninbyen” omhandlar ein tidligare politimann, Jonny Roxmann frå Stavanger. Han er ein rar fyr, fordi han lever på forsikringssvindel og steling. Då mora hans fann seg ein ny mann etter faren, måtte Jonny  flytta inn i den gamle kolonihagehytta, og leiga ut leilegheita. Denne leiger han ut som eit bordell, og det er fleire klager over han, men han bryr seg ikkje.
Jonny missliker Stavanger, fordi han ikkje taklar dei same menneska kvar dag. Rett og slett hatar Jonny Stavanger, og folka som bur der. 

Planen til Jonny nå, er å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen. For å tene mest pengar stel han bacon, dyrkar poteter sjølv, og kjøper smør, mais og rømme. Midt oppi dette treffer han ei thailandsk jente som heiter Kim. Jonny ljug meir enn han seier  sanninga, og dette ender berre med krangling, så i slutten av boka slår Kim opp med Jonny.
Jonny er ein direkte mann, som seier alt med eit grovt språk, og eigenlig for grovt språk. Han kan begynne, lede eller avslutte kvar setning med ”faen” eller ”jævla”, og det blir litt for mye. Ved banning føler eg at boka ikkje passar for nokon målgrupper, for i denne boka brukar han det ikkje som ei forsterking av det han vil få fram, men heller som om han prøver å vere kul. Han samanlikne menneske med kaninar, og seier ofte han må fóre dei, eller at dei puler som kaninar i Stavanger. Disse samanlikningane syns eg blir for, dryge, og burde ikkje bli tatt med i boka.

Eg syns eigenleg ikkje boka hadde noko handlig, ved at ho ikkje hadde den typiske spenningskurva. Det var eigenleg litt oppramsing av kva Jonny gjorde. Det var like spanande når han sov, som når boka er på sitt høydepunkt. Eg føler og at forfattaren gir eit feil bilete av Stavanger som samfunn. Han fortel om ”drunkiar” og ”fiffen”, men ikkje alle i Stavanger går under dei to kategoriane. Rein framstiller det som om det er enten eller, men det er jo ikkje rett. Ein går jo ikkje under berre ein kategori, ein er ikkje firkanta. Alle mennesk er forskjellige, og har fleire sider ved seg, så ein kan ikkje eigenleg kategorisere mennesk. Ein kan ta gjennomsnitt, og fordela dei, men ikkje ta kvart enkelt individ og granska dei, og fordela dei. 

Eg kjenner meg igjen med omgivelsane, då handlinga er i Stavanger. Han nemner nokon stadsnamn, og eg klarer å relatere dei, og det gjer det lettare å henge med i historia. Viss eg ikkje hadde kjend igjen stadsnamn trur eg ikkje eg hadde orka å lesa ut romanen, fordi den var rett og slett ikkje kjekk å lese. Eg klarte ikkje å sette meg inn i situasjonane til Jonny, og eg klarte ikkje å setja meg inn i boka før den slutta. Dette var fordi den ikkje passa min målgruppe, og derfor vil eg ikkje anbefale den til vennene mine. Den passar vel eigentleg ikkje eldre generasjonar, då det er for mye   
Eg ville ikkje anbefalt boka til nokon som helst, for eg trur Rein har skive ho berre for å skrive, men ikkje for å faktisk skrive ei historie. Det virke litt sånn,

Kjelder
- Bokmelding, minskole, lokalisert 13.04.11
http://www.minskole.no/minskole/Rennesoy/pilot.nsf/ntr/F19D910832D0BB17C1257643003F72D9/$FILE/BOKMELDING%20NN.pdf
- Rein, Aril, 2004, Kaninbyen, Det norske samlaget, Oslo
- Wikipedia. Arild Rein. Wikipedia. Lokalisert: 13.04.2011, 24.03.2011:
http://no.wikipedia.org/wiki/Arild_Rein